Sjakk har blitt ein populær aktivitet ved Loar skule dei siste par åra.

Ein av lærarane var på kurs med Skolesjakken hausten 2017,

og skulen fekk då eit klassesett med sjakkspel til innebruk.

 

Dei fleste klassane og SFO har teke i bruk sjakk som del av opplegga sine i undervisning og fritid.

Mange elevar har blitt ivrige og har også spela sjakk i friminutt.

Elevrådet vart tidleg interessert og ynskte å få til storsjakk ute.

Til det trong vi store brikker og stort brett.

Vi vurderte å få laga brikker, men fann ut at det greiast ville vera å kjøpe ferdige brikker, sjølv om dei kosta nokre tusen kroner.

 

Å få til stort sjakkbrett var greitt nok, fordi det alt var ein roleg krok i skulegarden med kvadratiske heller.  Dei kunne målast kvite og svarte.

Foreldra ved FAU støtta positivt opp og kosta både måling og sjakkbrikker. Brikkene kom i haust, men vinteren kom før vi fekk måla storbrettet ute.

7.klasse var ivrige og fekk måla både grunning, kvitt og svart tidleg i vår.

 

I mai vart det høgtidleg opning av utesjakken med lokale media til stades.

Sidan opninga har sjakkroken blitt flittig brukt heilt fram til sommarferien starta. Vi reknar med at den gode aktiviteten held fram etter sommaren.

Vi er takknemleg for det gode samarbeidet som har gjort dette mogleg, alt frå Skolesjakken  og FAU med utstyr og økonomi, til elevrådet og 7.klasse for iver og praktisk arbeid.

 

Kristbjørn Rossehaug,

Inspektør/elevrådskontakt

Utesjakk ved Loar skule

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *